KursleiarkursJegVet

Skjermbilde av nettsiden Jegvet.no

Kursleiarkurs i «Jeg vet»

​​​​​​​​​​

 

Gjenbruk av katalogelement

RVTS Midt og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tilbyr kursleiarkurs i «JEG VET» for alle som jobbar med barn og unge i Møre og Romsdal.

Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Vi veit at mange barn veks opp med vald, overgrep og omsorgssvikt, og vi veit at det aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet. Førebygging av vald, overgrep og mobbing er derfor viktig. 

Forsking viser at opplæring om mobbing, vald og seksuelle overgrep kan ha ein førebyggjande effekt og gi barn auka kunnskap, betre ferdigheiter og evne til å verne seg sjølv. 

«Jeg vet» er ein gratis digital læringsressurs for barnehagar og skular om mobbing, vald, overgrep og barns rettar. Innhaldet er knytt til rammeplan for barnehagen og læreplan for skulen.

I «Jeg vet» finn du læringsopplegg og filmar som gir rom for refleksjon og samtaler. Innhaldet er sortert etter tema og alle læringsopplegg inneheld forslag til aktivitetar som følgjer og omarbeider fagstoffet. «Jeg vet» er tilrettelagt for vaksenstyrte samtalestunder i barnehagen og undervisning i skulen. 

Gjør deg gjerne kjend med sida www.jegvet.no før du kjem på kurset.

I kurset blir også den digitale læringsressursen "Snakke med barn" introdusert som eit verktøy som med fordel bør bli teken i bruk saman med «Jeg vet». 

Formål og målgruppe

Kurset vil gi ein presentasjon av verktøyet «Jeg vet», og målet er at du kan vere ein ressursperson og formidle verktøyet slik at det blir brukt på eigen arbeidsplass. Målgruppa er alle som arbeider med barn og unge, og særleg i skule og barnehage.

Innhald

RVTS Midt vil presentere verktøyet, og det blir lagt opp til refleksjon og øving. Det blir også foredrag av gode foredragshaldarar om samtaler med barn og om implementering. 

Program kjem så snart vi har fått bekrefta foredragshaldarane.

Økonomi

Det er gratis å delta. Men manglende opppmøte blir fakturert for dagpakke. Deltakarar må sjølv dekke eventuell overnatting kvelden før.

Kontaktpersonar

Siri Leraand: Siri.Leraand@stolav.no

Gunn Risan Nakken: gurna@statsforvalteren.no

Påmelding 

Det er bindande elektronisk påmelding innan 12.05.23. Registreringsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding kan rettast til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller telefon 71 25 85 11. 

Stadfesting 

Deltakinga blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse. 


​​

320
Nei
InnholdssideKurs
KursleiarkursJegVet