På denne sida finn du fagstoff som gir innsikt i kva vald er, kva for konsekvensar det kan ha for den som er utsett og kva som er viktig for hjelparar å reflektere over når ein skal yte god hjelp.
Verdas helseorganisasjon definerer vald som forsettleg bruk av vald eller trussel om vald. Omgrepet inkluderer mange former for vald som fysisk og psykisk vald så vel som seksuell vald og omsorgssvikt. Vi veit at vald er skadeleg, men det kan vere stor forskjell på grad av skade. Dette er avhengig av fleire faktorar som type vald, alder når ein er utsett, relasjonen mellom utøvar og utsette, om valden er over lengre tid eller ei enkelthending, om støtten og hjelpa etter at valden har skjedd, m.m.
Mild og grov vald
Vi veit at mange, både vaksne og barn, blir utsett for vald i ein eller annan form i løpet av livet. Det er likevel viktig å skilje mellom det å bli utsett for grov vald og mild vald. Mild vald kan vere å bli utsett for ein øyrefik ein gong eller å få ein stygg kommentar ein sjeldan gong. Grov vald kan vere gjentakande øyrefikar samt annan kroppsskade eller å stadig få nedsetjande kommentarer om seg sjølv. Slik kan ei hending eller ein kommentar ha svært ulik grad av vald i seg, avhengig av kontekst og kven som er avsendar og mottakar.
Fagpersonar må førebyggje og gi oppfylgjing
For alle, men ikkje minst for fagpersonar, så er det avgjerande å forstå kva vald er samt å forstå kva faktorar som kan vere med på å sveikke eller fremje vald. Det er også viktig å ha ulike handlingsmåtar tilpassa den enkelte familie eller involverte når ein skal hjelpe med å stoppe vald. Enkelte gonger krev det umiddelbar handling, andre gonger kan ein gå inn med veiledning over tid.