Glemt passord

Registrer deg

om du allerede er registrert.


Endre passord

KARTLEGGINGSVERKTØYET «PROFESSOR» – ENDELIG PÅ NORSKSkriv ut

PROFESOR* er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeid med barn og unge som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handlingar.

F.v: Dr. James Worling, Øystein Grov (Overlege, spesialist barne- og ungdomspsykiatri, Betanien BUP/V27) , Helle Kleive (Psykologspesialist, Betanien BUP/V27) og Steinar Hvål (Psykologspesialist, RVTS Vest).

Skrevet av RVTS Vest.

Verktøyet kan nyttast ved planlegging av intervensjonar, for å hjelpe den unge til ei betre seksuell og relasjonell helse, og på den måten forebygge tilbakefall. PROFESOR er også godt egna til å måle endring over tid, og etter intervensjonar.
For å bruke PROFESOR er det nødvendig med erfaring med bruk av kartleggingsverktøy og erfaring med målgruppa. Verktøyet er nyttig for fagfolk i psykisk helsevern for barn og unge, barneverntenester, barneverninstitusjonar, barnehus, kriminalomsorg og liknande tenester. Tenester som møter unge vaksne kan også nytte verktøyet.
PROFESOR vart utvikla i 2017 og er allereie oversatt til fleire språk . RVTS Vest og V27 ved Betanien sykehus, har samarbeidd tett med utviklaren Dr. James Worling gjennom hele oversettingsarbeidet. No er den norske versjonen av PROFESOR tilgjengeleg og open for nedlasting på RVTS Vest si nettside og på nettsida til PROFESOR.
Vi planlegger undervisning om PROFESOR, men formen på undervisninga er ikkje heilt bestemt endå. I tillegg til tradisjonell undervisning ønsker vi å legge til rette for opplæring digitalt. Fleire fagfolk i Noreg har allereie gjennomgått opplæring.
Har du spørsmål om PROFESOR, kontakt Steinar Hvål.
Verktøyet er oversatt av Steinar Hvål og Øystein Grov. I denne podkasten snakkar dei om oversettingsarbeidet, bruksområde for verktøyet og ein god del om fagfeltet i seg sjølv: