Barn må vite – informasjonsfilm om overgrepSkriv ut

Seksuelle overgrep er eit av våre største samfunnsproblem og svært mange barn og unge er utsett. Mange barn ber på slike vonde hemmelegheiter utan å tørre å seie det til nokon. Når barnet ikkje forstår kva som skjer og ikkje har ord til å fortelje om det til nokon, kan overgrepa fortsette over lang tid. Det blir den einaste verkelegheita barnet kjenner til og konsekvensane er store for mange.

Psykologstudentane Silje Segadal Fluge (t.v) og Trine Skeistrand Kjoberg er i praksis hos RVTS Vest denne våren, og har blant anna laga eit informasjonsfilm om seksuelle overgrep mot barn, kor målgruppa er barna sjølve.

– Alt for mange barn ber hemmelegheita åleine. For at barn skal kunne fortelje om eit overgrep må det vite kva det er. For å gjere denne kunnskapen tilgjengeleg for barn, har vi laga ein animasjonsvideo som barn skal kunne finne sjølv på nettet. Denne animasjonsfilmen fortel barn kva eit overgrep er, korleis det er vanleg å reagere dersom ein blir utsett for overgrep og kor viktig det er at dei fortel om den vonde hemmelegheita.

– Vårt håp er at så mange barn som mogeleg ser denne videoen; at den vert delt på nettet, brukt i barnehagar og skular og andre arenaer kor barn er. Vi oppfordrar dei som arbeider med barn å bruke denne videoen som utgangspunkt for å snakke om kropp, grenser og vonde hemmelegheiter.
– Barn må vite!